fredag 9. mars 2012

Herman og Emilie

Eg har fått testa ut guttearka fra Papirdesign sin Herman og Emilie serie. Dei er superskjønne

Det første eg har laga er ein gaveboks. Tanken min er at eg skal lage eit minialbum som passar oppi.


Har brukt arka Herman og baksida på Bamsefar, blå. For å lage eska har eg tatt utgangspunkt i ei lav eske skjært ut med min elektroniske kuttemaskin (cricut). Denne har laga botnen og lokket, så har eg bygd dem opp med å lage veggar som er omkring 3 inches høge. Har styrka eska ved å lage "beslag" rundt hjørna ved hjelp av ein punch frå Martha Stewart.


Den dekorative hjørnet på arket Herman dominerer lokket. Var ikkje så mykje meir pynt som skulle til. Hjertet er klipt ut av midten på ein kakeserviett, og blomster er alle kjøpt hos TreL.no. Hasr ellers pynta med ein swirl laga av liquid pearls.



Håper eg snart kan kome tilbake med det som blir innhaldet i eska. Sliter litt med printer for tida, men om eg ikkje får han til å virke i morgon har eg sett meg ut ein ny :)



God scrappehelg!!

Stine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails